fredag 11. november 2011

Radisson BLU Park Hotel, Oslo - november 2011

Bidragsyter får ordet:
"Vyrde Redaktør,
Eg trur nok eg kan ha avdekka den eigentlege grunnen til at hovudflyplassen i landet i sin tid blei flytta frå Fornebu til Gardermoen; ved dette tidlegare flyplasshotellet maktar dei nemleg ikkje å fullføre jobben med å lage ein flott og presentabel dorullbrett (noko Radisson på Gardermoen derimot gjer på ein overbevisande måte).
For eksempel førre besøk til Radisson Park: "Vi lager brett men gidder ikkje passe på at den blir bein".
Eller dette besøket: "Vi lager ein fin brett, men gidder ikkje passe på at rullen er snudd slik at bretten viser".
Dette med dorullbretten er i og for seg alvorleg nok, men tenk om denne mentaliteten skulle smitte over på dei flyplasstilsette?
"Vi sjekker inn bagasjen men gidder ikkje sende den med flyet"
"Vi tar av til Tromsø men gidder ikkje seie frå til tårnet først"
Nei, takk og lov for at flyplassen blei flytta i tide. Og medan eg sit her og skriv ser eg ut av vinduet og over på sjølve beviset på at dette ikkje berre er tullprat, for denne mentaliteten har virkeleg slått rot her i nærområdet.
Telenor Arena; "Vi bygger ein flott innandørs fotballstadion, men gidder ikkje å ha fotballkampar her".
Vennleg Helsing
Jostein"
Takk til Jostein for nok et bidrag og ikke minst utfyllende kommentar!

Ingen kommentarer: